For deg som er føresett

Informasjonsskriv

  • Sjå infomasjonshefte for Vg1 nedanfor.
  • Sjå velkomstbrev frå kompetansesjef Kariann Flovikholm nedanfor.

Digitale informasjonssystem

Elevundersøkinga

Elevundersøkinga er ei nasjonal obligatorisk undersøking som gir elevane muligheit til å seie meininga si om læring og trivsel i skulen. Den blir gjennomført for alle elevane ved skulen i siste del av hausthalvåret. Sjå informasjon på Utdanningsdirektoratet sine websider: http://www.udir.no/tall-og-forskning/brukerundersokelser/elevundersokelsen/.

Her er Utdanningsdirektoratet sitt informasjonsbrev til foreldre: https://www.udir.no/globalassets/filer/brukerundersokelser/info-eu-flere-sprak/informasjon-til-foreldre-og-foresatte-om-elevundersokelsen_nn.pdf

Undervisningsevaluering

Undervisningsevalueringa er eit digitalt spørjeskjema der elevane gir si vurdering av ulike sider ved undervisninga, avgrensa til eitt fag og ein faglærar. Formålet med undervisningsevalueringa er å gi elevar og lærarar eit grunnlag for dialog om undervisninga, med fokus på kva som fungerer godt og kva som kan justerast/betrast. Blir gjennomført for alle elevane ved skulen i siste del av hausthalvåret. Sjå informasjonsskriv i dokumentlista til høgre på sida og informasjon på websidene til Møre og Romsdal fylkeskommune: https://mrfylke.no/nyheiter/informasjon-til-elevar-og-foeresette-om-undervisningsevalueringa-2019-2020.

Dokumenter